Skårsvatnet er eineståande i distriktet med sine fem fiskeartar:
|
|
|
|
|
Gullvederbuk, ein
fargevariant av vederbuk (Leuciscus idus), |
|
Karuss (Carassius
carassius), |
|
Trepigga stingsild
(Gastreosteus aculeatus). |
Gullvederbuk, ein fargevariant av vederbuk (Leuciscus idus), karuss
(Carassius carassius), aure (Salmo trutta), ål (Anguilla anguilla) og trepigga
stingsild (Gastreosteus aculeatus). Vatnet har ei flatevidde på 82 dekar og ligg
113 meter over havet.
Det er gullvederbuk som har gjort Skårsvatnet kjend over heile landet
som "Gullfiskvatnet". Gullvederbuk og karuss vart utsett i vatnet i
1914. Dåverande statslege i Bergen, Klaus Hansen, bror til Armeur Hansen som
oppdaga leprabasillen, var på reise i distriktet for å kartleggja tuberkulose
saman med distriktslegen i Kvam, Munch Søegaard. Distriktslegen fortalde at
Skårsvatnet var fisketomt. Klaus Hansen uttalte då at han kunne skaffa fisk som
ville tola "klimaet" i vatnet. På den tida fanst både gullvederbuk og
karuss i nokre dammar i Nygårdsparken i Bergen. Eit par spann med desse fiskane
vart sende med rutebåten frå Bergen til Øystese. Korleis gullvederbuken har
kome til Bergen er usikkert, men han har truleg vore prydfisk i dammar både i
Nygårdsparken og på Milde utafor Bergen. Gullvederbuken i Nygårdsparken strauk
med i nokre harde kuldevintrar midt i 1920-åra.
I Europa er gullvederbuk kjend frå Tatrafjella (1.350 m.o.h.) i Tsjekkia.
I Noreg finst den einaste ville stamma av gullvederbuk i Skårsvatnet.
Gullvederbuk er ikkje ein eigen art, men ein fargevariant av vanleg vederbuk.
Når gullvederbuken kryssar seg med kvarandre, får ein også vanleg vederbuk. Dei
gråsvarte fiskane som er saman med gullvederbuken i vatnet, er vanleg vederbuk.
Framtida til gullvederbuken i Skårsvatnet kan vera usikker. I 1967 vart
det sett ut trepigga stingsild i vatnet. Stingsilda, som er 5 - 6 cm lang, har
formeira seg svært snøgt og har rogn av gullvederbuk som viktig føde.
Gullvederbuken gyt tidleg om våren, nett etter isen har gått, men dei siste 15
- 20 åra har det ikkje vore observert yngel i vatnet. Gullvederbuken kan som
annan karpefisk, verta svært gammal, kring 50 år er ikkje uvanleg. Dei siste
åra har gullvederbuken i Skårsvatnet vorte større og det er færre av han.
Både gullvederbuk og stingsild ser du lett i vatnet. Dei andre
fiskeartane er vanskelegare å få auga på.
Karuss og gullvederbuk høyrer til karpefiskane, ein av dei mest artsrike
(omlag 1450 artar) fiskefamiliane som finst. Karpefiskane er den viktigaste
matfisken i ferskvatn i verda. Karuss er svært hardfør og greier seg nesten
utan oksygen. Han trivst i vegetasjonsrike vatn som ofte kan vera sterkt
tilgrodde.
Aurestamma i Skårsvatnet er lita. Auren vert angripen av parasitten
måsemakk som har krinslaupet: Måse, stingsild og aure. Angrepa kjem når auren
vert over omlag 30 cm og tek til å eta stingsild.
Ål er sjeldan fangst i vatnet. Det har vore teke ein del i felle i utlaupsbekken
om hausten.