Innhaldsliste

 


Framside. 1

Innhaldsliste. 2

1. Kva vil me - målsetjing. 4

2. Kven er me – fakta om Soldal og Porsmyr: 4

3. Kva vil me satsa på for å få til ei vidare utvikling av Soldal og     Porsmyr?  10

4. Området sine sterke og svake sider 11

5. Kva har me og kva vil me - innan næringsutvikling: 12

6. Korleis vil me ha svar på vårt innspel?. 13



 

 

 

 
 


   Skårsvatnet er fint også om vinteren

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Text Box:

 

   Fyksesund

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilde på framsida:

Skårsvatnet med gullfisk (Gullvederbuk) (foto: Hardanger Fjordhotell).

Gullfiskvatnet er ein av dei mest besøkte naturattraksjonane i Kvam herad

 

Til topp

 

1. Kva vil me - målsetjing

 

Soldal og Porsmyr grendautval ynskjer å verte eit døme på at positiv utvikling kan skje.

 

Kommuneplanen treng konkretisering, treng døme på KORLEIS visjonane kan omsetjast i praktisk handling. Me har svar med omsyn til minst 5 av utfordringane i kommuneplanen:

 

·        Kvam som ein berekraftig kommune

·        Kvam som ein attraktiv bu – og levekommune

·        Kvam som næringskommune

·        Kvam som kulturkommune

·        Kvam som hytte- og fritidskommune

 

Til alle desse punkta har me konkrete døme på korleis nokre av desse målsetjingane kan gjennomførast.

 

Soldal og Porsmyr ynskjer gjennom ein kommunedelplan (alternativt ein tiltaksplan/grendaplan for Soldal og Porsmyr innlemma i Kommuneplanen) å utdjupa korleis:

 

1.     Me vil tilby bustadområde tilpassa det verdfulle kulturlandskapet, lokal byggeskikk og tradisjonsrik buform, men i framtidsretta utforming.

2.     Me vil tilby attraktive hytter/fritidsbustader etter same premissar som dei nye bustadene, og med eit skikkeleg drifts- og servicetilbod.

3.     Ein kan forbetra reiselivsattraksjon med utgangspunkt i Skårsvatnet (”Gullfiskvatnet”) der det kan inngå element som kultur- og natursti.

4.     Ein kan forbetra tur-/utfartsområde basert på utbetring og merking av stiar/løyper, skilting med natur og kulturinformasjon og betre parkering ved oppmarsjområda.

5.     Satsa på næringsutvikling knytt til jordbruk, og andre lokale ressursar.

 

6.     Vera opne for tilrettelegging av næringslokale for folk som ynskjer å kombinera det å busetja seg, og å driva næring innan t.d. handverk, helse/rekreasjon, utdanning/opplæring eller IKT m.m.

 

Til topp

 

2. Kven er me – fakta om Soldal og Porsmyr:

 

Ei tett bygd som ikkje er ”trang”. Ei lita grend der me ynskjer å ta vare på :

·        kvarandre

·        landskapet

·        tradisjonane

 

 

Fakta:

Alderssamansetjing

 

Totalt bur det 122 personar fast i grendene.

 

Eigedomane – storleik, kvalitetar

Grenda Porsmyr omfattar gardane Froastad og Skåre. Antal eigedomar er:

·        Landbrukseigedomar 14

·        Bustadeigedomar 9

·        Hytteeigedomar 8

 

Landbrukseigedomane er i storleik ca 10 – 350 da, med unnatak av ein eigedom på ca 750 da. Dyrka, overflatedyrka og beitemark er ca 5 – 70 da pr. bruk. I tillegg kjem fjellbeite. Resterande mark er mest lauvskog (noko edellauvskog). Nokre eigedomar har mykje barskog.

 

Grunnen er svært variert med mange ulike bergartar. Porsmyr og Soldal ligg like i overgangen til eit skyvedekk av harde og fattigare bergartar som ein finn på Fykse og ved Mannfjell. Jordsmonnet er skrint, generelt lite jord - nokre unntak. Landskapsbiletet er dominert av bratte lier og Fyksesundet, gardstun og bustadhus. Utsyn mot Fyksefjella og Fyksesundet.

 

Grenda Soldal omfattar gardane Teigland, Soldal og Hovland. Antal eigedomar er:

·        Landbrukseigedomar 14

·        Bustadeigedomar 3

·        Hytteeigedomar 1

 

Landbrukseigedomane er i storleik ca 50 – 400 da. Dyrka, overflatedyrka og beitemark er ca 50 – 250 da pr bruk. I tillegg kjem felles utmark og fjellbeite. Resterande mark er noko barskog og mest lauvskog (noko edellauvskog).

Landskapsbiletet er dominert av dyrka mark, gardstun, eit klyngjetun og skog i kringliggjande område. Utsyn i sydaust mot Folgefonna.

 

Midt mellom grendene Porsmyr og Soldal ligg Skårsvatnet, ein naturleg samlingsstad.

Jordbruksdelen – kva er i drift og korleis

Dyrka jord er i hevd, enten som ledd i eigen produksjon eller utleigd som tilleggsjord til naboar. Mesteparten vert nytta til grasproduksjon - noko til poteter, grønsaker, frukt og bær. Ein god del av dyrka mark er tungdriven (bratt).

 

Det er 15 brukarar som driv med dyr.

1 driv med mjølkeproduksjon

1 driv med ammeku

1 driv med kyllingproduksjon

1 driv med rev og sau

11 driv med sau

Kvar vår vert det sleppt ca 1100 sauer og lam på fjellet i området frå Fitjadalen til Botnen.

Annan næringsverksemd i bygda

I dag er det få andre næringar enn landbruket representert i bygda. Me har ein keramikar i Vetlehagen, og ein interiørsnekker i gamle skulen.

 

I tidlegare tider har det vore aktiv industri-drift i Porsmyr. Denne industrien har vore knytt opp til den varierte berggrunnen. I Høyvika vart det vunne ut talkum i gruver. Like innanfor kaien i Porsmyr var det i si tid prøvedrift på kvarts til smelteverket i Ålvik. Også ved Skårsvatnet har ein gjort forsøk på å finna drivverdige førekomstar av talkum.

 

Kva arbeider folk med og kor? Kva slags kompetanse har folket (utdanning/yrke o.a.)

I grendene Soldal og Porsmyr har me folk med mangfaldig yrkesbakgrunn. Me kan kort ramsa opp:

 

·        4 med natur- og jordbruksutdanning på høgskulenivå.

·        3 adjunktar/lektorar

·        2 etnologar

·        1-2 journalistar

·        1 veterinær

·        2 hjelpe- og sjukepleiarar

·        5 omsorgs-, kantine- og kjøkenarbeidarar

·        6-7 snikkarar/bygningsarbeidarar

·        5 tilsette i industrien

·        2 seljarar

·        5 innan offshore/sjømannsyrkje

·        2 sakshandsamarar i det offentlege

·        3 med hovudarbeid innan jordbruk

·        fleire deltidsbrukarar med agronomutdanning

·        2 med høgskuleutdanning innan kunst og musikk

·        4 linemontørar

·        3-4 med høg kompetanse innan IKT

Me har og mykje glede og nytte av pensjonistane våre og dei som arbeider heime på heiltid.

 

 

Til topp


 

Infrastruktur

 

Veg

Fylkesveg frå Øystese via Porsmyr til Fyksesundet. Vegen har fast dekke av varierande kvalitet. Vegen er delvis smal og uoversiktleg. Den er og svært rasfarleg mellom Porsmyr og Fyksesundet.

 

Kommunalveg frå Myrane via Soldal til Skipakleiv, med avstikkar til Hovland. Frå Skårsvatnet og halvvegs til Froastad er det også kommunalveg. Nede i Porsmyr er det kommunal veg frå fylkesvegen og ned til kaien. Resten av vegnettet er i privat eige.

 

Vatn

I området Soldal og Porsmyr er det berre private brunnar. Desse er av varierande storleik og kvalitet.

 

Kloakk

Alle hus i området har private septiktankar med kommunal tøming.

 

Organisering – kva slags organisasjonar, aktivitetsnivå

 

Grendalaget

Dette laget har jamleg møteverksemd, og dei står for sosiale samkomer i grendene. Laget eig og driv Skogheim - grendahus, som tidlegare tilhøyrde ungdomslaget.

 

Grendautvalet

Dette er eit offentleg oppnemnd kontakt-fora mellom grenda og heradet.

 

Maskinring

Gardbrukarane på Soldal og Porsmyr har ein del landbruksreiskap i felles eige.


Til topp

 

 

Tidlegare var det stor lags- og organisasjonsaktivitet i bygdene. Men dei fleste måtte gje tapt då skulen vart nedlagt og elevane flytta til Øystese. Ein hadde før dette m.a. Ungdomslag, Veglag, Stutalag, Telefonlag, Sanitetsforeining, Kvinneforeining, Leselag, m.fl.

 

 

Møteplassar

 

 

Skogheim

Dette huset vart bygd av Soldal og Skåre ungdomslag i 1939. Huset har gjennom tida vore eit samlingspunkt i grendene. Det har husa festar, basarar, minnehøgtider, konsertar o.l. Huset er i dag ein naturleg samlingsstad for grendene.

 

 

Skårsvatnet

Dette må seiast å vera den uformelle møtestaden i grenda. Mang ein varm sommardag vert avslutta med eit forfriskande bad i vatnet. Her treffer ein naboar og kjende i same ærend.

 

 

 

 

Skårsvatnet ein sommerdag

Til topp

 

3. Kva vil me satsa på for å få til ei vidare utvikling av Soldal og Porsmyr?

 

·        Bustadfelt/bustadområde (på lokale premissar!)

·        Betre/ fornya utnytting av dei bygningane og dei gardane ein alt har.

·        Vera attraktiv for nye tilflyttarar og ha eit miljø som held på dei som alt bur her - med verdiar som vakker natur og kulturlandskap, godt naboskap, rike tradisjonar og god grendaorganisering.

·        Næringsutvikling både innan og utanfor jordbruket.

·        For å nå desse måla vil me styrkja organiseringa mellom innbyggarane.

 

 

 

”Gomortunet” på Soldal, ein frodig idyll.


4. Området sine sterke og svake sider

Sterke sider:

·        Mykje areal = tomter finst (utan å ta matjord)

·        Flott (kultur) landskap som strekkjer seg frå fjord til fjell

·        Allsidige kultur og naturelement frå vikinggraver til edellauvskogbiotopar

·        Mykje ro – lite støy

·        Fellesskapskjensle

·        Dugnadsånd

·        Grendahuset – gamalt hus med moderne standard etter omfattande dugnad. Eit naturleg sosialt og kulturelt samlingspunkt for heile grenda, også Øystese.

·        Skårsvatnet – kjend i vide krinsar – einaste ”naturlege” karpedam i Nord-Europa med 3 ulike karpeartar og eit særskilt vakkert naturområde.

·        Fyksesundet – ein av to innfallsportar til Porsmyr og Soldal

·        Varierte turstiar

·        Fin balanse mellom ulike aldersgrupper

·        God lokal organisering med grendautval og tette nettverk

·        Topografisk sett ei skjerma grend, men kort avstand til handel-, skule- og kulturtilbod.

·        Det er ei god samansetjing av tilflyttarar og folk som er oppvaksne i grenda.

 

 

 

Manglar og utfordringar:

 

·        Infrastrukturen har mange manglar:

- Manglar vassverk

- Manglar gode avlaupsløysingar

- Varierande vegstandard

·        Det trengst folketalsauke i grenda for å betra infratstrukturen

·        Vanskar med å halda kulturlandskapet i hevd (arbeidskrevjande)

·        Manglar lokale arbeidsplassar.

·        Folk er ofte avventande – tek lite initiativ

·        Tidsmangel, dei fleste grunneigarar har arbeid både ut og heime - har lite overskot til fellesskapet.

 

Til topp

 


5. Kva har me og kva vil me - innan næringsutvikling:

 

·        Sagbruk  - som kan og vil verta utvikla.

·        Ferie/hytteutleige – er i gang – kan utviklast mykje

·        Bygda har to steinbrot (skifer) som kan utviklast.

·        Det er ein (tørr)murartradisjon – ein arbeidsplass som kan vidareutviklast

·        Interiørsnikkar – ein arbeidsplass som kan vidareutviklast

·        Keramikkverkstad - ein arbeidsplass som kan vidareutviklast

·        Landbruket – mykje kan gjerast, særleg innan foredling. Det er interesse for og kunnskap om/aktivitet rundt – økologisk landbruk.

·        Det er fleire gardseigarar som er viljuge til å leiga ut matjorda til andre som vil dyrka/produsera.

·        Me er sjølvsagt opne for andre initiativ på næringsfronten

 

 

Ressursar i stikkord:

 

Innbyggjarar med variert yrkesbakgrunn

Biologisk mangfald

Skog

Stein

Skårsvatnet

Kulturlandskap

Dyrka jord

Husdyrproduksjon

Handverk

Kunsthandverk

 

Text Box:

Vetlehagen

Keramikkverkstad

 


6. Korleis vil me ha svar på vårt innspel?

 

Me ber om kommunedelplan for grenda som er meir spesifisert enn i dag = LNF-område. Alternativt at det vert laga ein tiltaksplan/grendaplan for Soldal og Porsmyr som kan innlemmast i Kommuneplanen.

 

For gjennomføring av plan og konkrete tiltak ynskjer Soldal og Porsmyr:

·        Prioritering av kommunale midlar for å få ei planutvikling

·        Hjelp til å få utviklingsmidlar til stønad for dei ulike, konkrete tiltaka

 

 

Me vonar Kvam herad tek omsyn til uttalen vår i det vidare arbeidet med kommuneplanen.

 

 

 

 

Med helsing

for Soldal og Porsmyr grendautval

 

 

 

Arne Isak Flatabø

leiar

 

Til topp