Uttale frå Soldal og Skåre grendautval

Uttale til planprogram for masseuttak i Haukeli

Innleiing


Me ynskjer med dette å gje nokre innspel til planprosessen for masseuttak i Haukeli.
Soldal og Skåre er i dag eit område med spesielle buverdiar og representerer eit variert landskap. Soldal med Teigland er eit naturlig amfi, der alle gardane har utsikt mot Myrane, Haukeli og steinbrotet. Mot nordaust og Fyksesundet ligg Skårsvatnet, også kalla Gullfiskvatnet. Skårsvatnet er eit viktig friluftsområde både sommar og vinter. Frå Haukeli er det direkte sikt mot Skårsvatnet og lyden ber gjennom eit mindre dalstrøk.
Me trur og vonar innspela våre vil verta sett på som konstruktive framlegg, og at me som bur i grenda vil verta inviterte til eit samarbeid for å finna framtidsretta løysingar som både sikrar ei god drift i Haukeli, og tek vare på mest mogleg av det særpreget som grenda har i dag.

Kommentarar til planprogrammet
Som ei totalvurdering av planprogrammet slik det ligg føre, vil me seia at det ikkje kommuniserer godt nok korleis tiltakshavar ser føre seg planprosessen. Det kan verka som om tiltakshavar ikkje ser føre seg kva omfanget tiltaket kan koma til å få, og at dei skisserte behova for utgreiingar ikkje tek høgde for at det kan verta aktivitet i brotet i mange tiår framover, til ressursen er tømt.
§ 6  «Forskrift om konsekvensutredninger» om «Plan og utredningsprogram»:

«Planprogrammet eller meldingen med utredningsprogram skal gjøre rede for formålet med planarbeidet eller tiltaket og hvilke problemstillinger som anses viktig i forhold til miljø og samfunn. Relevante og realistiske alternativer skal beskrives og det skal framgå hvordan disse er tenkt behandlet i plan- og utredningsarbeidet. For planer for tiltak skal programmet alltid inneholde kart over plan-eller tiltaksområdet og lokalisering av tiltaket innenfor området.»

«Det skal gjøres rede for plan- eller søknadsprosess med frister, deltakere og opplegg for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt.»

«Forslaget til plan- eller utredningsprogram skal, med utgangspunkt i relevante rammer og krav gitt i § 9 og vedlegg III, redegjøre for hvilke forhold som vil bli utredet og belyst i planforslag eller søknad med konsekvensutredning. Det bør framgå hvilke metoder som skal benyttes. Programmet skal utformes slik at det kan tas stilling til om plan- og utredningsarbeidet er gjennomført i samsvar med programmet.»

Det er viktig å kartleggja ressursstorleiken i KU-en. I dag er det truleg ingen hjå tiltakshavar, blant grunneigarane eller i Kvam herad som veit ressursmengda i planområdet i og med at det ikkje er omtalt i framlegget. Kvifor er det planlagde regulerte området på 130 mål og korleis er grensene sett?  
For prosjekteringa av eit effektivt uttak må mengd, kvalitet og retning på ressursen definerast. Dette vil vere med på å styra kor i ressursen ein bør starta opp og i kva retning ein jobbar mest effektivt.
KU bør omfatte tankar om etterbruk av brotet.

 

Trafikktryggleiken bør utgreiast. Her er det viktig å analysera korleis trafikkbiletet kan endra seg på strekninga  Øystese – Skårdalen – Haukeli.
Stor aktivitet i brotet vil generera fleire tunge bilar på vegen i nærmiljøet. Skårdalen har ein marginal fylkesveg med nedste delen som skuleveg. Vinterstid er vegen rett og slett trafikkfarleg. Auka tungtransport vil bidra med meir støy i Skårdalen. Dagleg tungtransport vil slite kraftig på vegen - er denne god nok til ein slik bruk?
Trafikklauken bør framskunda gangveg i Skårdalen.

KU bør vurdere alternativ tilkomst til brotet frå «Hoppbakken» på Vetlemyrane slik ein slepp køyra ned Botnabrekka og opp igjen til brotet.

Me ber om ei grafisk framstilling over endringane i landskapet/brotet over tid. Framstillinga bør visa inngrepet sett frå Skårsvatnet, Kampen og Soldal.
Visualiseringa må ta utgangspunkt i den reelle ressursen og visa korleis tiltakshaver kan unngå ope eksponering av brotet.

Me ber om ei utgreiing over kva særlege buverdiar Soldal og Skåre har, og korleis brotet eventuelt vil påverka dette.

Me ber om at det vert gjort greie for kva metodar som vert brukte, og at det vert vald metodikk der ein kan ta stilling til om plan-og utgreiingsprogrammet er gjennomført i samsvar med programmet.

I det fylgjande tek me utgangspunkt i vedlegg III i forskrift om konsekvensutgreiinger:
«Tiltaket skal begrunnes og det skal redegjøres for følgene av å ikke realisere tiltaket (0-alternativet).»

Kommentarar til reguleringsplanen med konsekvensutgreiing
Me vil i det fylgjande ta utgangspunkt i § 9 i forskrift om konsekvensutgreiingar, «Innhald og utforming av planforslag eller søknad om konsekvensutredning.» Våre understrekingar.
«Planforslag eller søknad med konsekvensutredning skal utarbeides på bakgrunn av fastsatt program for plan- eller utredningsarbeidet og i lys av relevante krav til dokumentasjon gitt i vedlegg III. Konsekvensutredningen skal være tilpasset plannivået og være relevant i forhold til de beslutninger som skal tas. Konsekvensutredningen skal ta utgangspunkt i foreliggende kunnskap og nødvendig oppdatering av denne. Der hvor slik kunnskap ikke foreligger om viktige forhold skal det i nødvendig grad innhentes ny kunnskap. Det skal redegjøres for hva som kan gjøres for å tilpasse tiltaket til omgivelsene og for å avbøte skader eller ulemper, samt hvilke undersøkelser og tiltak som kan gjøres for å overvåke og klargjøre faktiske virkninger av planen eller tiltaket»